Lundesafari i påska

Lundesafari med naturguide og sjømat i havgapet

Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. Naturguiden Martin tar deg med opp i fuglefjellet og her kan du kanskje få sjå lundefuglen kome inn fra sjøen i solnedgang. 

Opplevinga startar på Runde Miljøsenter med heimelaga fiskesuppe. Det blir laga til ein eigen meny for borna med fiskekaker og potetmos. Her ute i havgapet er vi glad i å servere fisk i ei eller anna form. Og meir fisk blir det når det under framsyning av dokumentaren «Havets Sølv». Sjå den spanande historia om mektige havstraumar, sild og sjøfugl på Runde.

Etter filmen vert det avreise til Goksøyra. Du må ha eigen bil for å kome deg til og frå Runde og vidare til avreisestaden for gåturen opp i fuglefjellet. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturguiden Martin ta deg med opp i fuglefjellet. Det er ingen garanti, men om du er heldige kan du sjå lundefuglen som kjem opp frå sjøen og gjer seg klar for kvelden. 

I hekketida mellom april og august kan du sjå fleire tusen lundefuglar på vestsida av øya. Dei tilbringar det meste av dagen på sjøen og kjem opp i reira sine nokre timar før sola går ned. Kanskje er du så heldig at du kjem tett på den sjarmerande vesle sjøpapegøya.

Det er berre å gle seg. 

Påmelding:
http://booking.rundecentre.no/no/activity/255210/lundesafari-med-naturguide-og-sjomat-i-havgapet

Program:

18:00 Servering av eit varmt måltid og kaffe/te i kafeen på Runde Miljøsenter
18:30 Framsyning av dokumentaren «Havets Sølv»
19:00 Avreise frå Miljøsenteret til Goksøyra
19:15 Turen startar til fuglefjellet og lundeura
22:00 Felles oppsamling på parkeringsplassen og turen vert avslutta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *